Post by Statsbygg
45,414 followers
Tre sleder ✔️ Halvannan månad med arbeid ✔️ Her får du flyttinga av dei 1000 år gamle vikingskattane oppsummert på 41 sekund! Først flytta vi dei tre vikingskipa frå den gamle til den nye delen av Vikingtidsmuseet. Etter ein langsam og nøye monitorert ferd på maks 25 cm per minutt blei monteren rundt den tredje og siste vikingsleden lukka onsdag denne veka. Med det er flytteprosjektet vårt på Bygdøy fullført! Dette er ein verkeleg stor dag 🎉 Det nye Vikingtidsmuseet er først og fremst eit sikringsprosjekt. Å få desse skjøre skattane over i ein bygning, som kan ta vare på dei mykje betre enn i dag, er sjølve årsaka til at vi bygger eit nytt museum. Flyttinga av sledane og skipa har vore svært kompleks. Ho har teke mange år å planlegge og åtte månader å gjennomføre, men leda av vår egen Reidar Søbstad og med utruleg flinke folk frå blant andre Imenco, Brekke & Strand og Kulturhistorisk Museum har vi lykkast med å flytte Noregs kanskje alle viktigaste kulturskattar utan ei skramme 😊 Med moderne klimaregulering og støttesystem har det nye museet alle føresetnader for å kunne bevare dei for kommande generasjonar, slik at både våre barnebarn og også deira barnebarn kan få oppleve dei. Sledane blei flytta med to vekers mellomrom i mars og april, og kvart flytt tok to dagar. 🏗️ Dei blei først løftet med ei portalkran over på ei transportvogn. Deretter blei dei køyrde gjennom det gamle bygget, inn i nybygget og inn i ein slags traverskran. Til sist blei dei løfta av vogna og skyvd sidelengs inn i monteren, der dei vil få eit vibrasjonssikkert underlag. Med sledane på plass er det for første gong på 100 år ingen gjenstandar frå vikingtida inne i det gamle museumsbygget, som stod ferdig i 1926. Nå gjenstår berre museumsparken, gatene rundt tomta og arbeidet med det gamle bygget til Arnstein Arneberg før vi kan levere frå oss eit komplett anlegg til Kulturhistorisk museum og Universitetet i Oslo, som vil legge siste handa på verket før det nye museet opnar dørene! 🎥 Timelapse-klipp: Kråkefoto Lars Christian Gomnæs, Petter F. Schmedling, AF Gruppen, Multiconsult og AART
Video Content