Post by Statsbygg
45,530 followers
Gjenbruk, natur og langsiktig utvikling 🌱 Gratulerer til vinnarane av Statsbyggs studentpris i arkitektur og landskapsarkitektur! I år vil vi i alt dele ut sju studentprisar til dei beste masterprosjekta i ulike arkitekturfag ved arkitekturutdanningane i landet. I juni har vi delt ut tre av dei. 🏆 Gjenbruk av trafobygg (Arkitekturprisen ved The Oslo School of Architecture and Design) Jakob Fredvik og Magnus Kjølstad Olsen sitt prosjekt «Trafo Transformed» tek utgangspunkt i behovet for å bevare og vidareutvikle eksisterande bygningsmasse for å oppnå klimagevinstar. Med 70 trafostasjonar rundt Mjøsa som case, utforskar dei korleis bygningar som har mista sin opphavlege funksjon kan få nytt liv. Juryen meiner: Kandidatane utmerker seg med ei grundig og analytisk tilnærming og eit omfattande materiale, som er tydeleg formidla og svært godt presentert. Problemstillinga er svært aktuell for Statsbyggs arbeid med vidare bruk av eksisterande, fråflytta bygningar. 🏆 Naturen som premiss (Arkitekturprisen ved NTNU Faculty of Architecture and Design) Jørgen Stuenes og Ingrid Marie Sæther Halbjørhus står bak prosjektet «Borrowed Land – Long-term strategic planning for nature-first post-extractive futures». Her utforskar dei korleis arkitektur og planlegging kan bidra til å handtere ressursutvinning, naturtap og usikker utvikling i små og sårbare lokalsamfunn. Juryen meiner: Oppgåva utfordrar etablerte framsyningar om vekst og utvikling, og viser korleis arkitektur kan brukast som verktøy for langsiktig forvaltning og restaurering. Evna til å kople fagleg djupn, aktualitet og samfunnsrelevans gjer dette til ei svært viktig oppgåve. 🏆 Levande fjordkant (Landskapsarkitekturprisen ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo) Med prosjektet «The Living Fjord Edge» viser Rebekka Hanhisalo korleis Frognerkilen kan utviklast til ein meir levande og økologisk robust fjordkant. Prosjektet tek for seg eit landskap prega av tekniske inngrep og redusert økologisk tilstand, og utviklar eit heilskapleg grep for ein samanhengande vassfront med vegetasjon, forbetra vassbevegelse og økt biologisk mangfald. Juryen meiner: Prosjektet viser korleis det er mogleg å forbetre den økologiske tilstanden gjennom innovative løysingar og skånsame inngrep. Igjen: Gratulerer til vinnarane 🤩