Post by Statsbygg

45,411 followers

Byggekunst 🤩 Så fint blei byggegjerdet rundt Bergen tinghus etter at dei flinke kunststudentane i byen fekk sleppe til! Byggegjerde kan vere triste og grå innslag i bybildet. Men det går det heldigvis an å gjere noko med! Sentralt i Bergen rehabiliterer vi byens nesten hundre år gamle tinghus. For å gi forbipasserande ei litt meir fargerik forbipassering fekk vi hjelp av Fakultet for kunst, musikk og design ved University of Bergen (UiB). 🎨 Hausten 2025 gjekk studentar i gang og dekorerte det 50 meter lange gjerdet ut mot Tårnplassen, ein av byens mest sentrale plassar. Studentane kasta seg over oppdraget med stor iver. Vi engasjerte også naboane i prosjektet, og inviterte dei til å sitte i juryen som plukka ut verka til gjerdet. Skolen heldt ein eigen opningsseremoni då kunstverket stod ferdig, og var sjølv godt fornøgde med resultatet. Mange gode tilbakemeldingar frå bergensarane tyder på at tiltaket har falle i smak! #ByggMedMeining

Post content

Video Content