Post by Statsbygg
45,456 followers
Burgarbonanza 🍔 Sola strålte, isen smakte og hamburgarane freste på grillen då vi gjorde stas på dei flinke folka i byggeprosjekta våre 🌞 Stemninga blei særs god på to av dei største prosjekta våre i Oslo denne veka. På Livsvitskapsbygget har vi i fleire år takka arbeidarane med ein avkjølande godbit når sommaren nærmar seg. Dette blei siste gong ettersom prosjektet snart er ferdig, men sjølv om antalet arbeidarar nå har gått ned frå rundt 900 til berre 150 i år, var humøret på topp som alltid når vi samlast til ein velfortent is🍧 I Oslo sentrum inviterte regjeringskvartalsprosjektet til Sikkerhet, helse og arbeidsmiljø-lunsj (SHA) mellom Høyblokka og G-blokka. Pågangen var stor, rundt 500 gode kollegaer var innom grillane 🔥 Under mottoet «eitt prosjekt – eitt lag» samla vi dei som bidreg til prosjektet. Det var statsbyggarar, prosjekterande, entreprenørar, leverandørar og gode kollegaer frå Departementenes service- og sikkerheitsorganisasjon. Innimellom hamburgerflippingen blei det halde appell vekselvis frå SHA-rådgivar Terje Bakke og prosjektdirektør Jard Bringedal. Bodskapen: Ingen jobb hastar så mykje at han ikkje kan gjerast sikkert. Alle skal komme uskadd heim, og ha lyst til å komme på jobb neste dag. Ser du noko som ikkje er sikkert? Sei i frå og bry deg! Vi ønsker alle ein god og sikker sommar med masse sol, burgar og is 😊 HENT AS, GK, Schneider Electric, Oneco Norway, Nordic Office of Architecture Norway, COWI, Ramboll, Aas-Jakobsen AS, Asplan Viak AS, Bjørbekk & Lindheim landskapsarkitekter, Veidekke, Skanska, Agaia