Post by Skatteetaten

74,493 followers

Finalist til «Årets inkluderande annonse» 🍿 👏 FINN.no – mulighetenes marked har nominert Skatteetaten som éin av tre finalistar, og det utan at vi har nominert oss sjølve. I grunngjevinga trekkjer Finn mellom anna fram at Skatteetaten torer å gjere noko heilt nytt i sin bransje. Til dømes at vi nyttar omvend referansesjekk, og at vi aktivt leitar etter ikkje‑A4‑profilar. Dei peikar òg på korleis vi kombinerer tydelege tiltak, som intervju for underrepresenterte grupper, med stor tillit til kandidatane. Kven som vinn prisen får vi vite på The Hunt 24. april. Nominasjonen vart difor allereie feira før helga, då Finn tok turen til oss med diplom, kake og blomar. Gratulerer til heile rekrutteringsmiljøet i Skatteetaten  🎊

Post content