Post by Norwegian Ministry of Foreign Affairs
43,399 followers
Noreg får nytt forskingssenter for internasjonal økonomi 🌍 Utanriksminister Espen Barth Eide opna i dag Norwegian Centre for International Economics (NORCIE). NORCIE skal bidra til å styrke Noregs evne til å forstå og handtere endringar i den internasjonale økonomien og verdshandelen. Senteret skal òg sjå på kva konsekvensar endringar i internasjonal økonomi og handel har for utviklingsland. - Vi treng meir og oppdatert kunnskap om korleis endringane i verdsøkonomien påverkar interessene våre og korleis vi bør møte dei, seier utanriksministeren. Senteret skal leiast av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, og samlar forskarar frå Økonomisk institutt og ARENA ved Universitetet i Oslo (UiO), Chr. Michelsen Institute (CMI) og PRIO. Norges forskningsråd finansierer senteret. Les meir i kommentarfeltet. 📷 Erik Engblad, UiO