Post by NIBIO Norwegian Institute of Bioeconomy Research
17,276 followers
🪰 Fleire blomsterfluger i økologiske frukthagar – men også dei ber på plantevernmiddel Nye førebelse resultat frå eit #NIBIO-leia forskingsprosjekt viser at det finst fleire individ og fleire artar av blomsterfluger i område med økologisk fruktproduksjon. Samstundes finn forskarane rester av plantevernmiddel også i desse flugene. – Førebelse resultat tyder på fleire individ og fleire artar i område med økologisk produksjon. Blomsterflugene ser ut til å trivast betre der det ikkje blir sprøyta, fortel Roger Holten, forskar ved NIBIO og leiar for prosjektet. Forskarane undersøker korleis plantevernmiddel spreier seg frå jordbruksareal gjennom jord, vegetasjon, vatn, luft og insekt. Dei første analysane frå Hardanger gir viktig kunnskap om korleis pollinatorar blir eksponerte i landskapet – også i område der det ikkje blir brukt plantevernmiddel. 🔬 Resultata viser mellom anna: ✔️ Fleire blomsterfluger i område med økologisk produksjon ✔️ Rester av plantevernmiddel i dei fleste analyserte flugene ✔️ Færre ulike plantevernmiddel per prøve i dei økologiske områda ✔️ Påvising av plantevernmiddel også i luftprøvar Forskinga skal bidra til betre forståing av korleis plantevernmiddel påverkar pollinatorar og andre nytteinsekt, og korleis vi kan ta vare på viktige økosystemtenester i jordbruket. 🌱 🔗 Les meir i kommentarfeltet. #Pollinatorar #Blomsterfluger #Plantevernmiddel #Økologisk #Landbruk #Fruktdyrking #Forsking #Biodiversitet #Jordbruk #Hardanger #Nytteinsekt