Post by Helsedirektoratet

81,377 followers

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet levert eit forslag til ein nasjonal oppgraderingsstrategi for ICD-11. Strategien set retning for overgangen frå ICD-10 til ICD-11 i Noreg, og Helsedirektoratet har som mål at ICD-11 skal takast i bruk i løpet av 2028–29. — Oppgraderinga skal gi betre og meir oppdatert helseinformasjon, til nytte for både pasientar, helsepersonell og samfunnet. Fagfolk får eit betre grunnlag for forsking, og vi styrkjer grunnlaget for god beredskap og prioriteringar, seier Bente Andersen Sundlo, divisjonsdirektør for informasjonsforvaltning og metode i Helsedirektoratet. ICD er den internasjonale klassifikasjonen av sjukdomar, utvikla av WHO. Når innbyggjarane er i kontakt med spesialisthelsetenesta, blir diagnosen registrert som ein ICD‑kode. Kodane blir brukte til å beskrive tilstanden, lette kommunikasjonen mellom behandlarar, følgje sjukdomsutvikling, støtte forsking og bidra til styring og finansiering av helsetenesta – nasjonalt og internasjonalt. Sjå heile strategien på nettsidene våre: https://brnw.ch/21x3xXE

Post content