Post by Helsedirektoratet
81,226 followers
Nye nasjonale kvalitetsindikatorar viser at ingen av helseregionane har nådd dei rettleiande tidene for responstid for ambulanse ved akutte hendingar. 💡 Men det ser ikkje heilt mørkt ut: AMK Trondheim skil seg ut med ein tydeleg nedgang i responstida. Avdelingssjef Christoffer Strøm peikar på at denne utviklinga kan ha samanheng med eit målretta forbetringsarbeid. – Vi har endra måten 113-samtalen blir innleidd på, slik at innringaren i større grad får høve til å beskrive situasjonen før operatøren startar det strukturerte intervjuet. Dette har vore kombinert med trening og auka medvit rundt kommunikasjonsteknikkar, seier Strøm. 📈 Sjå lenker i kommentarfeltet for meir informasjon og fleire oppdaterte nasjonale indikatorar