Post by Helsedirektoratet
78,827 followers
Nasjonalt forløp for barnevern er grunnmuren i helsesatsinga i barnevernet. Når helsetenesta og barnevernet samarbeider godt, får barn og familiar den hjelpa dei treng – til rett tid. For å få dette til, treng vi målretta innsats på tvers av sektorar og system som faktisk snakkar saman, særleg for dei som allereie er sårbare. Barn som flyttar til ein ny kommune i fosterheim skal få tannlege, fastlege og helsesjukepleiar – og ved behov også bli vist vidare til spesialisthelsetenesta. Sarpsborg kommune var blant dei første som starta arbeidet med forløpet. No, med erfaring, er kommunedirektør Turid Christiansen ikkje i tvil: Dette held fram.
Video Content