Post by Helsedirektoratet

81,397 followers

Kommunale legevakter leverer trygg og god hjelp i heile Noreg ❤️ Det viser ei ny nasjonal undersøking av pasienterfaringar med kommunale legevakter. – Resultata frå undersøkinga er gode, og det overraskar meg ikkje. Dette gir kommunar og legevakter eit solid grunnlag for å vidareutvikle tenesta. Tilbakemeldingane frå pasientane er blant dei viktigaste grunnlaga vi har for å sikre ei trygg, heilskapleg og tilgjengeleg legevaktsteneste, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus. 😄 Fleire enn åtte av ti har gode erfaringar med legar og sjukepleiarar på legevakta ⏱️ Pasientane opplever i hovudsak legevakta som tilgjengeleg, men over halvparten opplever at dei får for lite informasjon om forventa ventetid 🏥 Små legevakter skårar høgast på erfaringar med legar og sjukepleiarar, organisering og ventetid Les meir og sjå resultata frå undersøkinga: https://lnkd.in/eFHmEi6R

Post content