Post by Helsedirektoratet

81,246 followers

No er resultata frå helsepersonellundersøkinga om digitalisering i helse- og omsorgstenesta frå 2025 her ⬇️ Den årlige undersøkelsen viser at helsepersonell jobbar på nye måter, og at fastelegen går foran med å ta i bruk digitale verktøy. – Digitale løysingar er avgjerande for at vi skal klare å levere gode helsetenester i framtida. Då er det gledeleg å sjå at helsepersonell tar i bruk ny teknologi for å forenkle arbeidskvardagen og at fleire anbefaler digitale sjølvhjelpsverktøy til pasientane som del av behandlinga, seier divisjonsdirektør Lucie Aunan i Helsedirektoratet. Nokre nøkkeltal: 🧑‍💻 Nesten 4 av 10 helsepersonell har oppmoda pasientar til å laste ned digitale sjølvhjelpsverktøy som del av behandlinga. 🤖 41 % av fastlegar seier at dei regelmessig nyttar verktøy med automatiske forslag til journalnotat basert på lydopptak frå konsultasjonar. 🐌 Om lag halvparten av helsepersonell synest det tar for lang tid å logge seg inn på IT-systema, og 45 % synest responstida er for lang. 😃 47 % av helsepersonell er alt i alt fornøgd med dei digitale helsetenestene i Noreg.  Helsepersonellundersøkinga er ein del av Nasjonal digitaliseringsmonitor for helse- og omsorgssektoren, som er ei samling av analysar som skal sikre eit godt kunnskapsgrunnlag om bruk og effektar av digitalisering av sektoren.  Les meir om undersøkinga: https://lnkd.in/eYzDkP-x

Post contentPost contentPost content