Post by Helsedirektoratet
81,244 followers
Helsedirektoratet publiserte i dag årets Oppvekstprofilar som viser auka bruk av nikotinprodukt og illegale rusmiddel blant ungdom. 📈 Dei peikar spesielt på ein tydeleg auke i vekentleg og dagleg bruk av vape, særleg blant jenter. Ein vape kan sjå uskuldig ut, fordi den luktar og smakar heilt «ufarleg», men den er full av kjemikaliar ein dreg ned i lungene. 📉 Alkohol er framleis det mest utbreidde rusmiddelet blant ungdom, samtidig er bruken av alkohol blant 10.-klassingar betydeleg lågare enn tidleg på 2000‑talet. 📈 På den andre sida peikar Oppvekstprofilane på auka bruk av illegale rusmiddel. Auken er sterkast blant gutar i vidaregåande skule og gjeld først og fremst andre narkotiske stoff enn cannabis. Oppvekstprofilane gir tilgang til statistikk om mellom anna rusforbruk, skulking i skulen og vekentleg bruk av reseptfrie smertestillande middel blant ungdom – samla frå ulike sektorar på éin stad. Datagrunnlaget gjer det mogleg å samanlikne kommunar med både landssnittet og andre kommunar, og synleggjer kommunens ressursar og utfordringar. Målet er å styrkje samordninga i kommunane og bidra til betre tenester for barn, unge og familiar.