Post by Helsedirektoratet
81,402 followers
Helsedirektoratet har laga fleire verktøy som kan brukast av kommunane arbeidet med helseberedskap 🛠️ – Fleire kommunar har bede om praktisk støtte til arbeidet med helseberedskap. Difor har vi laga desse verktøya. Målet er å styrkje helseberedskapen ved å gjere det enklare for kommunane å lage beredskapsplanar og gjennomføre øvingar, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus. Verktøya består av ein rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalyse, malar for beredskapsplanar og 16 beredskapsøvingar. Dei fleste av øvingane er laga i to ulike versjonar, slik at dei kan gjennomførast anten på rundt to timar eller på 30–45 minutt. Verktøya er utvikla i samarbeid med representantar for kommunar, fastlegar, Helsetilsynet og Folkehelseinstituttet. Vi har fått innspel frå ei breitt samansett ressursgruppe, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, statsforvaltarane, KS, dei regionale helseføretaka med fleire. Du finn verktøya her: https://lnkd.in/eG5GGgag