Post by Helsedirektoratet
81,215 followers
Helsedirektoratet gratulerer KI Norge og direktør Hans Christian Holte med lanseringa! I dag vart KI Norge lansert – ein nasjonal arena for innovativ og ansvarleg bruk av kunstig intelligens. – Noreg skal bli verdas mest digitaliserte land, og gå føre i å ta i bruk kunstig intelligens på ein trygg måte. Alle offentlege og private verksemder skal kunne ta kontakt med KI Norge og få rettleiing. Målet er å redusere risiko og gjere det enklare å utnytte nye og kraftfulle verktøy, sa digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Helsedirektoratet har eit særleg ansvar for trygg og sikker bruk av KI i helse- og omsorgstenesta. Under lanseringa bidrog spesialrådgjevaren vår, Hilde Lovett, med faglege perspektiv på korleis vi kan sikre ansvarleg bruk av KI – til det beste for pasientar og helsepersonell. Vi ser fram til å samarbeide med KI Norge for å dele erfaringar og læring på tvers av sektorar.