Post by Helsedirektoratet

81,249 followers

Barn fortener eit digitalt og fysisk miljø som set helse først. Nyleg var Helsedirektoratet vertskap for styresmakter, ekspertar og forskarar frå 34 europeiske land i samband med eit felles møte i «WHO’s European Action Network on Reducing Marketing Pressure on Children» og JA PreventNCD. I 20 år har Noreg samarbeidd med WHO og europeiske land for å styrkje retten barn har til eit oppvekstmiljø som støttar god helse. No har Noreg fått på plass ei av dei mest omfattande reguleringane i Europa for marknadsføring av usunn mat retta mot barn. Regelverket dekkjer både tradisjonelle og digitale flater, og forbyr òg marknadsføring som oppmodar vaksne til å kjøpe usunne produkt til barn. I tilknyting til nettverksmøtet arrangerte Helsedirektoratet og JA PreventNCD eit seminar for å markere framgangen Noreg og andre land har i arbeidet med å beskytte barn mot kommersielt press for usunn mat og drikke. På seminaret vart éin ting særleg tydeleg: Regulering verkar, men arbeidet er langt frå over. Digital marknadsføring, algoritmar, influensarar og grensekryssande plattformer gjer det nødvendig å tenkje nytt og samarbeide på tvers av sektorar og landegrenser. Innsikta frå ungdommane som deltok, viser kor sterkt dei blir påverka av reklame i sosiale medium, og kor viktige stemmene deira er. Vi takkar alle som bidreg til å skape ein tryggare og sunnare oppvekst for barn og unge! WHO Regional Office for Europe, Helse- og omsorgsdepartementet, Folkehelseinstituttet, Direção-Geral da Saúde

Post contentPost contentPost content