Post by Institute of Marine Research (IMR), Norway
27,435 followers
– Det er eigentleg ganske enkelt, seier havforskar Lis Lindal Jørgensen. – Utan botndyra vil ikkje hava våre fungere. Botndyr er fellesnamnet på dei talrike organismane som lever på havbotnen – frå korallar, sjøstjerner, krabbar og børstemakkar. – Dei vert i aukande omfang påverka av menneskelege aktivitetar, seier Jørgensen. Frå 2019 til 2023 vart nye 7252 artar på havbotnen identifiserte. På same tid har det vore ei femdobling i talet kritisk truga artar og ei dobling av truga artar. Dette kjem fram i den nye Verdshavsrapporten (#WOAIII) til FN, der våre havforskarar har bidrege. Les meir her: https://lnkd.in/djsW6CkA 📸 : Elvar H. Hallfredsson, Paolo Cipriani, Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet